Historikk: | Spåhaugen vart frådelt hovedbruket Storrusten i 1913, Engebregt og Rønnaug Haverstad kjøpte bruket i 1907. Engebregt bygde opp sagbruk på ei flate rett ned for garde nede ved Lågen på denne tida. Saga låg nord for Storrustbrua. Det var ei vassdrivi sirkelsag, med eit stort vasshjul og eit stort tagghjul. Vassrenne frå ein inntaksdam litt lengre nord i Lågen, området er nå øyra burt. Ein måtte passe på å saga når det var passe med vatn, ellers ville vasshjulet gå feil veg.
Dovreskogen bygdeålmenning har i eit skriv frå januar 1913, ei kartlegging av sager dei kan bruke. Sagbruket vart da kalla Storrusten sag. Dei skriv: "Som man ser ligger Storrusten sag paa østsiden og almenningen paa vestre side av Laugen. Denne sag er kun igang en kort tid om vaaren og har adkomstvei brukbar for tømmerkjøring kun en tid om vinteren. Den ligger ved søndre ende av almenningen."
På slutten av 1940-talet fekk dei elektrisitet på saga, og tok da på seg saging for andre, Steinar Ulheim hugsar at Ulheim fekk saga der. Kor lenge det var drift på saga veit ein ikkje sikkert, men Åkkelkulhaugen sag vart bygd som erstatning fyrst på 1980-talet.
BLÅ RUTE: Fortalt av Torbjørn Elvestad 1:
"Halvdan, min far var med på saga som 6-7 åring, da mest for å leike. Men ein gong heldt det på å gå gale. Han datt ut i dammen ved vasshjulet, og var nær på å drukne. Ein noko eldre gut var kjapp og tok ein sagbak som han
heldt ned til Halvdan, som Halvdan fekk tak om og vart drogje opp att. Halvdan kom uskada frå uhellet, men fekk seg nok ein lærepenge."
2: "Halvdan dreiv travel på saga 30. april 1949, da mora Klara kom med beskjed om at ""Dæ æ kome en gut."" Halvdan takka for det og fortsatte så med arbeidet sitt." Det var gardguten Torbjørn som vart født da. |