Historikk: | Johan Storrustløkken og Gunnar Svartskogen bygde saga fyrst på 1930-talet. Den 13.03.1937 vart det inngått avtale der Dovreskogen allmenning v/styret selger sagtomt på Brusletten til J. Storrustløkken. Prisen var kr 400,- og grensene vart fastsett og beskrive i avtala. Saga gjekk på straum, og det hendte sikringar gjekk i trafoen. Johan kjøpte opp tømmer som han saga og selde vidare til blant anna Skodje, der Einar Valde kjøyrde mykje. Johan leverte og svillar til jernbana, og Anton Jøndal kjøpte mykje til tynnstav fabrikken sin. Det var heile tida to sagmeistrar, Johan kunne være ein av dei, eller det var to frå Vinstra som arbeidde på saga.
Under saging måtte dei være fire mann , helst seks. Siste åra saga han lite, men det var mykje høvling. Johan selde saga etter 30 års drift i 1971.
BLÃ… RUTE:
Leif Arne Storrustløkken fortel noko han høyrde frå far sin: "Under krigen kom det tyskarar og tok med seg det meste av det Johan hadde av materialar, utan å betale. Johan hadde berre å godta for å få fred. Ein dag kom det ein flott tysk bil og to høge karar kom ut og lurte på kva Johan skulle ha i betaling for materialane. Johan sa ein sum, dei "casha rett i nævan" og reiste att. Etter dette sa Johan, eg skulle dobbla prisen, døm ha nok betalt det òg."
BLÃ… RUTE!!
Dovrebygde, Mathias Trondsens dagboknotatar: "Ingebret Skogli omkom 42 år, 3. august 1958, da han fekk eit materialtak på Brusletten sag over seg." |