Historikk: | Før 1900 var allmenningen ein eigedomsforvaltar. Dei som hadde bruksrett kunne få utvist tømmer på rot, og sjølve foredle tømmeret.
I 1912 meinte det sittande styret at det var for få sager i bygda som kunne brukast, det var store avstandar og dårlege vegar. Aktuelle sager var Storrusten (Spåhaugen) sag, Tofte sag og Jora sag. Jora sag var den einaste med heilårs drift.
Styret bestilte og inngjekk kjøpekontrakt med Brødrene Øveraasens Motorfabrik på Gjøvik om ei sag. Den var oppsett med to, ti hk motorar drivne med råolje. Motorane måtte vera billige i drift og flyttbare. Dei skulle monterast på ein slede. I tillegg vart det bestilt alt av utstyr som dei trengde til ei sirkelsag. Denne handelen utløyste stor strid og ueinigheit i allmenningen i fleire år framover. Eit fleirtal av dei med allmenningsrett meinte at det var feil bruk av allmenningens pengar, og at tømmer kun skulle utvisast til dei med bruksrett på rot.
Det måtte veljast nytt styre, vedtaket om kjøpet av saga vart klaga inn til Landbruksdepartementet. Men sagbruket vart framleis i allmenningen, og vart styrt av både det gamle og det nye styret.
For åra 1916 og 1917 leigde Trond Vigerust og Hans Talleraas sagbruket.
I 1943 vedtok styret å kjøpe sagbruk med elektrisk motor og flisvifte. Saga skulle stå på Bekken der ein kunne kople på straum. Formannen inngjekk avtale med den tyske fylkningsføraren i arbeidstjenesten (AT) om at allmenningen skulle hogge og drive fram 2000 m3. Dette vart saga, høvla og levert AT-leir Dovre for maksimal pris.
Etter krigen vart saga,utan motor, leigd ut til Johan Korsvoll og Ola Gravem, ho vart plassert i Ulkleivsgrende (Faksfall). Her blir ho ståande til 1949, da ho kom attende til Bekkemoen. Der Ole Storrusten og Simen Hagevoll driv med leieskur. Frå 1950 leigde Iver Volden saga, som nå var oppgradert med ein 40 hk elektrisk motor.
Det var forhandlingar med Eidefoss om ein sikker straumleveranse. Iver Volden sa opp leigeavtala, men var viljug til å vera sagmeistar, om allmenningen drifta saga. Frå da fekk allmenningen ei sag som dei sjølve eigde og drifta.
I 1951 fekk allmenningen byggeløyve for å setja opp nytt saghus på Bekkemoen. I februar 1952 fekk allmenningen tilbod om å overta Toftesaga (Storsaga) med leie av 10 mål tomt, men styret meinte at det var for store transportkostnader å frakte tømmeret til Toftemo.
10.05.1952 gjorde styret vedtak om at ny sag skulle settast opp mellom riksvegen(E6) og Lågen på plassen som vart kalla "Ismo seterstilla".
Saga fekk ein kostnad på 125000 kroner.
Harald Rudiløkken var bestyrar i allmenningen frå 1.desember 1963 til rundt 1993. Johan Olsen var bestyrar før Harald. Det meste av materialane dei saga vart seld til bygdafolk, men og noko til Møre. I ein avisartikkel frå 1974 skriv dei:
"det avvirkes rundt 2000 kubikk årleg, som går til almenningens eget sagbruk."
Allmenningen har hatt fleire faste hoggare, som Magne Urå, Imbert Urå, Hans Brenden, Jørgen Stuen, Karl Erik Oppheim og Einar Rudiløkken med fleire. Sagmeistrar har det og vore fleire av, som Jørgen Stuen og Simen Hagevold. Bjarne Jettheim 53/7 kjøpte saga i 1999.
Saga har skikkeleg utstyr for å få fine materialer. Fyrst var det "bakbladet", så over på "klyvsaga" for deling av stokken, deretter "turrklyva" der planken vart justert for så tilslutt og kome på "høvelen".
For å starte opp att saga i dag må det nok til noko vedlikehald. |