Historikk: | Dampsaga på Dombåsjordet hadde lang reimskive på det store hjulet. Aksel Kristian Emanuel Michelsen (1875-1933) sette opp dette damp drivne sagbruket og høvleriet fyrst øvst på Dombåsjordet, så flytta han det til der rundkøyringa er nå. Han eigde òg bruka ved Jora ei periode. Han hadde eit stor materiallager, Kjell og Leif Storrusten hugsar at det låg på Dombåsjordet heilt inntil Storrusten. Han selde mykje material til tyskarane, men om dei fekk alt dei skulle er uvisst, det var norske sjåførar! Da han flytta saga vart materiallageret òg flytta med til plassen framfor Dombås kyrkje. Sverre Killi (1934) hugsar han var med bror sin Ola og fekk saga plank her, mest truleg like etter krigen. |