Historikk: | John Kråkvoll bygde sag inne på gardsplassen i 1936, han tok på seg saging for alle. Thorvald Lindsø var bakgut, og han var "sleim på sagblad kvessing". Når tømmeret vart for langt måtte stokken få gå inn gjennom "kjøkenglaset", sagbenken var berre 5,2 m lang. Det var nok ikkje kvar gong sagbladet var like godt kvesst, men det ordna seg. Mathias S. Killi fekk saga her i mars 1936, vi har funne dette i regnskapsboka hans: "saging ved Kråkvoll kr 1,75 Betalt sagskur kr 32,10".
Frå ei bedriftsregistrereing i 1939 er nemnt "Kråkvoll Sagbruk. Johan Kraakvoll."
|