Historikk: | Matr. 1723: Garden hadde «Skaug til brendeved og gjerdefang samt huusetømmer og saugtømmer» og «Saug hvorpaa kan skiæres noget til huusfornødenhed».
I følgje tingboka var saga sett opp i 1714, da var Mikkel Jonsson brukar. Frå 1730 er det sonen Jesper Mikkelsen som er eigar. Han kom ut i uføre, og økonomisk gjekk det gale. I 1744 vart garden seld og Mikkelsen flytta til Ryddøla. I 1748 hadde tinget synfaring på Ulheim/Rusten og det står mellom anna: «Garden hadde 1/3 i ei sag». Om dette er den gamle oppgangssaga som no har fleire eigarar, eller det er ein del i ei ny sag i Ryddølsåe veit ein ikkje.
I 1757 har tinget ny synfaring på Ulheim sag. Den var nå forfalle og låg øyde. Det var ingen som melde seg som eigar. Men saga vart reparert og sett opp att. I eit skøyte frå 1809 der enka på Ulheim, Ragnhild Simensdotter overfører garden til sonen Jørgen Eriksson er «Saug» nemnd som noko av eigendomen. Saga var i bruk ut over 1800-talet.
Oppgangssaga ligg i Kvennbekken , rundt 75 meter ovanfor kvennhuset som høyrer til garden. Det er att ruiner etter saga, så ein kan sjå kor ho har lege. Øvst er det restar etter ein dam av lafta stokkar, lenger ned kan det sjå ut til at fundamentet var lafta kassar, slik at saga kom i rett høgde. Det er lite stein, så det har nok ikkje vore så mykje muring. Bekken kjem ned nord for saga, og sør for saga var nok tømmervelta. Her ligg det att metallrestar etter ulike sagdelar, som veivaksling, kamhjulet, lagertapp og ulike beslag. På garden er det gamle sagbladet teke vare på.
BLÅ RUTE!!!
"Pål Jakopsson d.y. (1809-1861) frå Storrusten 66/1 kom heim att frå Nordland der han truleg hadde vore i arbeid hjå ein fut. Pål vart kalla, Vesl-Pål, han var utdanna lærar og heile familien var alvorleg kristne, Storrusten var samlingsplass for lesarar og predikantar. Vesl-Pål hadde planar om å få i stand ein privat skule i eigen krins heimanfor elva, og var komen godt på veg med bygginga. I 1861 skulle Pål saman med ein gut frå Rosten, Jakop Jakopsson Grøn 19 år, hente byggetilfang frå Rustasaga (Ulheim). Dei batt i hop tømmer og bord til ein flåte. Denne ville dei ro sørover til byggeplassen, men Lågen var flaumstor og flåten lausna opp og begge vart borte og drukna i straumen. Folk sto på land og såg på, reint rådlause da det ikkje var mogleg å berge dei. Etter det var det ingen som førde arbeidet med skulen vidare, før Dovre kommune kjøpte huset og bygde opp dei fyrste skulehusa på Dovreskogen og Rudi-kretsen av byggetilfanget som stod att."
|