Opplysninger om Vigerust 51/1, Slette 50/1 - 50/2.
Legg inn bilde Legg inn kommentarID: | 670 |
Område: | Østsida sør for Grimsdalsvegen. |
Plassering: | Dragåe |
Koordinater: | 32V 0513954 6872816 |
Bruk: | Kvenn |
Historikk: | Kven som eigde og brukte desse tre kvennhusa (0513816-6872747, 0513954-6872816 og 0514027-6872872) er usikkert, men utifrå kvennvegen som gjekk rett nordover frå Slette i grensa mellom Aasajordet og Drogkveen hjå Haugen er det truleg Slettegardane og Vigerust som brukte kvar si kvenn. Vegen ned i gjelet er fortsatt tydeleg.
Matr. 1723 for Vigerust: "qvern hvorpaa ikkun kan mahles til huusnøtte". Utifrå dette kan ein undres på om Vigerust og hadde ei flaumkvenn i Bjønndalsbekken like sør for gardstunet? Jacob Vigerust, Ragnhild og Ivar Slette meinte at Vigerust og hadde kvenn i Dragåe.
Matr.1668 og 1723 for Slette: "qvern hvorpaa kan mahles til huusnøtte". I 1753 var det synfaring på nørdre Slette, da var kvennhuset "brukbart". I eit skifte på Vigerust i 1667, der alle eigendelar er registrerte, er det og verdsett "1 Bechekvern". Verditaksta etter Storofsen fortel at Vigerust hadde 1 kvernhus bortskyllet. Det er tydelege vassveiter både inn og ut frå kvennhusa. |
Eiere: | Red GG Merete, ABj |
Tilstand: | |
Bygningsmåte: | |
Størrelse: | |
Kilde: | Ragnhild Slette, Jacob Vigerust, A B, M K, Dovrebygde 2008 |
Registrert av: | Merete Killi Moastuen |