Historikk: | Leif Gunnar Aunsmo var drivkrafta bak anlegget i 1978. Han kalkulerte anlegget, søkte om penger og dei fekk dekt 50% (300000 kr) av kostnaden. Det var gardane Søre Dombås 7/1, Dombås Søndre 6/7, Nygarden 6/4, Søre Kongslykkja 6/2, Nørdre Kongslykkja 6/1, Langlykkja 6/6 og Storlien 10/2 som gjekk saman i eit andelslag, fordelt etter areal. Inntaket er frå Lågen nedanfor Øyan skytebane, med ei 70 hK pumpe. I jordet på Langlykkja laga dei eit basseng på rundt 100 m3. Bassenget er av betong, kledd med duk og med eit hus oppå. Her står det to 30 hK pumper. Oppe i Trodalsjordet er det og ei pumpe på 20 hK. Alle pumpene står inne i små hus.
Røyret er frå elva 220 mm grovt, med 90 mm oppe ved gardane. Anlegget er bygd av eigarane. Odd Vorkinslien vart leigd inn med gravemaskin. Frå 1979 kunne dei vatne med 67 spreiarar samtidig, etterkvart kom det vatningsvognar. Anlegget krev både ettersyn og vedlikehald. Sumaren i 2014 skifta dei ut fleire hydrantar, og turkesomaren 2018 måtte dei vedlikehalde det elektriske anlegget . Anlegget er fortsatt i full drift. |