Opplysninger om Hjellegardane 17/1, 17/3 og 18/1.
Legg inn bilde Legg inn kommentarID: | 687 |
Område: | Østsida nord for Grimsdalsvegen. |
Plassering: | Ogofor gardane |
Koordinater: | 32V 0507830 6880230 |
Bruk: | Vatnarvatn |
Historikk: | Hans Schjelle har fortalt at Søre Hjelle hadde ein rennegang frå Hjellåe, rundt 500 meter lang. Rennegangen kom opp frå gjelet like ved tunet
Hans hugsar restar av renna men ikkje at den var i bruk. Vi finn ein brunn (0507830-6880230) som er fint mura av naturstein, men det er ikkje vatn i den og heller ikkje i området. Frå brunnen ligg det jernrøyr ned til nørdste og øvre jordet på Hjelle nordre. Det er 12 meters lengder med jernmuffer i skøytane. Røyra er delvis nedgrodd. Svein Killi og faren Ola Killi hugsar ikkje at dette har vore brukt. Svein trur dette var bygd mellom 1868 og 1886 av Simen Johansen Hjerkin som kjøpte garden i 1868. Simen dreiv og Hjerkinn og det er sagt at han kjøpte Hjelle for å kunne dyrke poteter ol. Det var nok ein drivandes flink kar, og han fekk nok tak i røyr frå Oslo. Jernrøyr vart teke i bruk der på 1860-talet. Turrsommaren 1975 bygde dei tre Hjellegardane vatningsanlegg frå Hjellåe. Da vart Hans Schjelle 18/1, Magnar Borstad 17/3 og Svein Killi 17/1 samde om å bygge anlegget. Vassinntaket er 200 meter ovanfor jernbanen, ei hovudleidning rundt 500 meter lang, med diameter på 125 mm går ned til forgreininga nede i jordet på flata hjå 18/1. Herfrå er det lagt røyr nordover til dei to andre. Totalt la dei ut 70 meter med leidning, og kunne vatne med 40 småspreiarar. Leidninga har fall på 80 høgdemeter, så her er godt naturleg trykk. Heile anlegget kosta ca kr 96000,-. Anlegget er i drift i dag og, no med store vatningsvogner. |
Eiere: | Merete GG |
Tilstand: | |
Bygningsmåte: | |
Størrelse: | |
Kilde: | Svein Killi, Gardsbok, avisutklipp, Torkjell Talleraas |
Registrert av: | Merete Killi Moastuen |