Historikk: | Rundt 1900 var Haugen 64/1 på Dovreskogen ein stor gard med mykje skog. Etter at eigaren Simen O. Haugen (1842-1914) selde garden i 1911 kom garden på handel med hyppige eigarskifter, garden vart delt opp og skogen hogd ut.
I 1912 selde Jon Harildstad, O. O. Storihle og B. Vik eigedommen til Kristian Krogsgaard og Martin Mattsson frå Ringsaker. Etter kvart kom Chr. Fjeldstad med som medeigar. Hausten 1913 står følgende annonse i Gudbrandsdølen: «Tømmer til sals paa Roten. 1475 Tylter fint Furutømmer, utblinket i Haugen Skog, Dovreskogen, til salgs.» Dette utgjorde 17700 tre.
Eigarane av Haugen hadde eiga sagbruk og saga eiga tømmer. Frå eit notis i Lillehammer Tilskuer 11/10 1916 står: «Solgt Dampsag. Krogsgaard & Fjeldstad, Veldre har solg sin Dampsag paa Hauges Gaard i Dovreskogen til Næss Almenning». Arnfinn Brenden(1932) fortel at eigarane hadde sagbruk på det som i dag er Haugasand, og at skogen vart hogd ut. Haugasand var ei "lugum" sagtomt, det var veg med bru over Lågen, vatn til dampmaskina og stutt veg til Brennhaug stasjon.
Haugen vart i 1916 seld til « tolldirektør P. C. Hansson og grosserer Arne Christensen».
Dovre kommune kjøper garden i 1929.
Det var stor usikkerheit om kommunen skulle kjøpe Haugen og frå eit referat etter eit møte i heradsstyret står det i Gudbrandsdølen 1/3-1929 «…To medlemmer av jordstyret, Schanke og Domaas, hadde faat i opdrag at se paa garden og nu uttale sig som sakkyndige.
Fr. Domaas: Man maa se mest mulig mørkt paa dette kjøp, ja det er alltid best at være yderst forsiktig naar man skal handle. Om man kommer godt ut av det med jorden, saa er det verre med skogen. Det er umulig at faa noget ut av den paa 20-30 aar. Skogen er aldeles rasert, men vekstvilkaarene er gode. Olderen piler som en havneaker. Jeg vil uttale at man kan graate naar man ser hvordan det er stelt med en slik gaard.»
BLÃ… RUTE!!!
Krogsgaard og Fjeldstad trengte arbeidsfolk i skogen, og søkte etter ungdom til tømmerkøyring. Ein av dei som begynte i skogen på Haugen var Adolf Dalseng (1892-1981) frå Ringsaker. På Dovreskogen trefte han Ragnhild Vollen (1896-1981), ho arbeidde som tenestejente på Ryddøla. 12. mars 1921 gifta dei seg i Dovre kyrkje. Seinare forpakta og dreiv dei gardar i Østerdalen og i Ringsaker. 12. mars 1981 feira dei diamantbryllaup på Ringsaker sykehjem. (Kjelde: Ringsaker Blad 14/3-1981)
|