Historikk: | Denne oppkomma har vore ei viktig vasskjelde i alle tider. Ho kjem opp like sør for våningshuset på Svendsgard. Det er sett ned ei tunne, og vatnet sildrar som ein liten bekk ned gjennom garden.
Frå ca 1968 har Bergs-Angard 47/1, Svendsgard 45/4 og Svendsgard 45/1 teke vatnet sitt her. Det vart sett ned to betongkummar nedanfor oppkomma og vatnet blir pumpa til gardane. Oppkomma er aldri turr og er aldri frosen att.
Det seiast at eit år langt attende i tida var alle andre vasskjelder turre om vinteren, alle gardane i Bergsgrenda henta seg da vatn i "Giljordstron" på Svendsgard. "Giljordstron" og kyrkja på Svendsgard var nok mykje søkt av pilgrimar i middelalderen, her fekk dei både nye kreftar og velsignelse før dei skulle over fjellet.
Svendsgardsjordet har og gamle trerøyr lagt ned i jordbakken for å drenere bort vatn, som på Engelsgard. |