Historikk: | Maningåe startar frå Maningtjønn på 1100 m.o.h., innanfor Maningtunga der Maningåe og Veslmanningen møtast (0506866-6875549). Noko lenger ned renn Tverrgjelbekken inn i åa. Maningåe har stort sett sikker vassføring, og kan vera flaumstor. I 1938 var ho uregjerleg. Derfor er det lite verksemd å finne langs åa. Ho går og i eit djupt gjel som er vanskeleg å passere. Mellom Maningsætre og Nordlie har ein Storfallet, namnet seier vel nok om terrenget!
Turrsomaren 1955 fekk ikkje John og Anne Storløkken noko avling på Arnekleivsødegården. Herredsagronom Erling Flatmark anbefalte på det sterkaste å investere i eit moderne vatningsanlegg. Flatmark hadde sjølv laga eit frå Dragåe og ned til garden sin, Steinlykkja 47/4 for nokre år sia, og fekk avling i 1955. John og Anne bestemte seg for å bygge eit anlegg. Våren 1956 hadde Flatmark planlagt anlegget, den rimelegaste løysinga vart veit frå Manningåa med inntaksdam og pumpeanlegg nede ved garden. John gjekk i banken for å låne men fekk avslag. Flatmark vart arg og sa "Da ska døkk få låne skjellingan tå me- og så kan du gå burt i banken og be døm kysse de i røve". Låneavtala vart skrivi og arbeidet kunne begynne. John, Kjell, Helge og Ola grov veit frå oppi Maningåa og la ned røyr. På forsomaren 1956 var anlegget i drift. John og Anne betalte avdraga men var ikkje heilt i mål da Flatmark døyde i 1967. John måtte da ta ein prat med kona Ågot, ho sa "Eg visste om dette lånet frå fyrste dag- oss va enige om det. Restlånet kan du betale, men rento vil eg ikkje hå". I dag er det lagt plastslange og naturleg trykk på 7-8 kilo frå høgt oppe i Maningåa. |