Historikk: | Den eldste kraftstasjonen i Einbugga vart bygd rundt 1916 av Olav Landheim og sonene Tor og Erling frå Tofte 38/1, Laurits Bergseng 40/1 og Thorvald Schanke frå Torkla 42/21. Kraftstasjonen låg nede i gjelet ved Haraldstigen. Dammen til kraftstasjonen var bygd av betong og låg lenger inne i gjelet (0512932-6874693). Ei kvilebu, Rakstad, vart sett opp, restar av bua er enda å sjå. Røyrgata låg i åa nedover, den var sett saman av lagga plank og hjøler av rundjern, omlag 50 cm i diameter. Kraftstasjonen leverte 50 hk, nok straum til eget bruk og til ljos på Skjelstad og Bergseng. Fyrst på 1930-talet bygde dei ut kraftstsjonen ved å forlenge røyret til det dobbelte. Sjølve kraftstasjonen ligg nå like ned for Toftebrua (0512624-6874287). Kapasiteten vart fordobla til 100 hk og fekk likestraum. Denne utbygginga måtte til for å kunne bygge opp Einbugg mølle i 1934. Vedlikehaldet på kraftverket måtte gjerast kvar dag, lagera smørjast, renske for lauv og når isen la seg om hausten måtte det fylgjast godt med slik at det ikkje tettna og fraus til. For det meste gjorde Olav Landheim dette, men dei vart utkalla for å hjelpe ganske ofte dei to andre og. Det var vurdert å få gjort om til vekselstraum, men det vart kostbart. Så da Felleskjøpet bygde kornsilo på Otta kjøpte dei Einbugg Mølle, som da vart nedlagt i 1972, og kraftverket vart til overs. Det hadde da vore kraftstasjon frå 1916- 1972. Frå 1972 til 1976 var det ikkje i bruk, men frå 1976 vart vatningsanlegget lagt frå kraftstasjonen ved Toftebrua. |