Historikk: | Hans Hansson Ulekleiv (1812-1874) frå Ulekleiv 20/2 overtok nedre Vesllykkja (Møllarhaugen) 20/5 i 1846.
Hans var ofte i kvennhuset til Ulekleiv, systera Brit eigde Nyhus som hadde eit kvennhus ved brua, og Enge hadde eit kvennhus her. Det var med andre ord tre kvennhus som låg tett på kvarandre på vestsida av
Lågen nord for Ulekleivsbrua.
Kvennhuset til Nyhus låg nærmast landbakken. Alle tre hadde vatn frå same kvenndammen som vi antek var inne på flata nord for brua, og vassinntaket frå Lågen var ved Kvennhusøye (ca 0507652-6878688). Dei var forlikte om bruken av vatnet. Hans hadde kallenamnet "Hans Møllar", slik vart det og Møllarhaugen. Ein kan anta at Hans Møllar drifta kvennene til dei to andre, og mest truleg tok han på seg maling for folk.
Storofsen i 1789 øydela mykje for Ulekleiv. Blant anna vart to og eit halvt kvennhus med fullt utstyr heilt borte. Ei bru over Lågen strauk med under uveret.
Matrikkel 1668 og 1723 har "Ullekleff ei qvern". |