Historikk: | Randi Tungen fortel: "Min oldefar Hans Martinsson Ospehol (1846-1914) hadde kvenn i Tungbekken, synna Lykkja. Han måtte male når det var nok vatn.
Kvennhusbakken (0507586-6878678) er synna Lykkja frå Tunggeilen og ned mot elva. Ein har funne kvennsteinar ved foten av bakken. Jordet som Fransplass har nå var berre ei myr. Dammen synna Lykkja har alltid vore der."
Hans Martinsson Haugje 32/4 kom til Morken 19/4 og dreiv der frå 1873 til 1890. Han skifta namn til Hans Martinsson Morken. Så fekk han tilbud frå Hans Martinsson på Hjelle om å makeskifte Morken mot Ospeholen. Dette gjekk i orden, og dei dreiv Ospeholen fram til 1911. Dei skifta etternamn til Ospeholen ved makeskiftet. Hans uttala ved makeskiftet: " Da kjøm e på rette sia åt elven". Hans Martinsson vart fort "Hans Møllar" da han kom på Ospeholen. Han dreiv kvennbruket sitt sjølv i Tungbekken , og han drifta truleg kvennbruket for Enge 19/1, som hadde to par kvennsteinar i sitt bruk. Hans tok på seg å male for andre. Han dreiv både natt og dag når det var nok vatn. Det var ei lita kvilebu ved kvennbruka som han sov i , og han vakna når kvenne gjekk turr. Hans var ein arbeidsmann, han dreiv garden, kvennbruka og i tillegg hadde han smie på Ospeholen der han tok på seg oppdrag for folk.
Brev frå Gunnar Rudi til Gunnar Kaas 9. desember 1981:
"Jeg visste faktisk ikke at det var din bestefar (Hans Martinsson Ospehol)som stod for møllebruket ved Ulekleivsbrua. Da må du sandelig prøve å få skrevet ned alt du vet om denne mølledriften. Jeg går ut ifra at mølla ble drevet med underfallshjul siden kvernvatnet kom fra elva. Da jeg besiktiget åstedet i oktober 1974 sammen med min bror, lå det to store kvernsteiner i nærheten. Jeg kunne konstatere at det var Selbu-steiner, og at de altså ikke stammet fra det eldgamle kvernsteinberget på Tolstad på Lalm, der jeg hadde en befaring i 1954. Prøv også å få samlet stoff om stampene som lå ved bekken like ved, og husker jeg feil - eller lå det ikke et fargeri der også? Etter lokale forhold blir dette en ganske omfattende industri, som ikke bør glemmes." |