Historikk: | Enge eller Engum hadde ei kvenn i Hjellåe, og ei i Lågen. " Matrikkel 1668: Ei Qvern. Matrikkel 1723: Qvern i Fossen, men den var øydelagt for 20 år sidan." Denne kvenne var nok bygd opp att, for i skadetaksta etter Storofsen står det at eit kvennhus med fullt utstyr er "bortskyllet", og "en bro over Laugen heilt øydelagt." Dei tre husmannsplassane under Enge forsvant og. Kvennbruket i Lågen nord for Ulekleivsbrua hadde to par kvennsteinar frå Selbu, dei var halde for å vera beste steinen og svært gode. Vatn tok dei frå kvenndammen med inntak ved Kvennhusøye, denne veita synes noko i dag og. Hans Ospeholen drifta denne kvenne ved maling for andre. Ved salg av Engum i 1865 heldt Martin Hansson att Morkje og Engøygarden, samt kvennbruket ved Ulekleivsbrua. Kvenne ved Ulekleivsbrua sette Siver Hjelløygard og Knut Aspehol i stand att rundt 1920. Under krigen 1940-45 var kvennsteinane brukt att, men da drivi med håndmakt. |