Historikk: | Vassvegen er nok frå sist på 1600-talet. Den startar frå Vesl-Hundyrju (0512482-6884018) og renn framover myra ovanfor Hjellsætre, etter eit tydeleg far. Når det var særleg turt, fekk Hjellsætre ta vatn frå vassveite. Svein Killi (1945) hugsar han var med budeiene og tok ut ei steinhelle som var festa som ei luke mellom to stolpar. Slik kunne dei lede vatn ned mot sætre.
I kanten på myra ligg det ein sementring og eit lite vasshus, med slange både inn og ut. (0510310-6883453) Vassveita kryssar Skrebekken (0510060-6883378) og Tverrbekken (0509560-6883139), her ser ein restar etter trerenner/vassbruer over bekkane. Det var viktig å ikkje ta vatn frå desse bekkane. Veita renn vidare svakt nedover og kryssar Dombås Skiheiser (0508082-6882357), der ho er lagt i plastrøyr i dag. Nedanfor Hovda er vassveita godt synleg ned til "Vassveitflate" (0506711-6881439). Frå her renn vatnet ned til omformarstasjonen ovanfor Gråberg. Til slutt kjem veita ned sør for campingplassen på Lie, frå her vart vatnet fordelt utover åkrane med skjeltreku.
Veita er for det meste grei å finne, og det ligg att restar etter både vassrenner og vassbruer.
Ola Hjelløkken har skrivi:
"Vassveita åt garden Lie var 7-8 kilometer lang og svært arbeidssam. Mykje slit med både gravinga og vedlikehald. Veita går tvers over fleire mindre bekkjer, som hørde andre vatnarlag til. Kvennvatn var det
og tale om. For vesle Domba som rann midt gjønom der som Dombås sentrum er, drog ikkje mindre enn fire kvenner. Desse bekkjene hadde utspringet sitt uppe i lia, ovanfor der vassveita gjekk. Vatnet måtte da leggjast i trerenner over desse bekkene. Inntaket åt Lies vassveita, var omtrent der Kongevegen kryssar Hundyrju. For å få ta vattn her måtte det, etter det gamle papir viser, eit forlik til, med blant anna Hinden gard. Framover mot Skjellsætra er det grave veit, men etter myrene her eit stykke har vattnet fått gått meire fritt. Ned gjønom Dombåsmorka var det grave veit, med renner over alle bekkene som gjekk på tvers av veita. Over svaberg og urder, og der grunna var for dårleg for veit, var det og renner. Frammed Hovda halla det godt unda, og her har vatnet grave, så veita visest godt her. Frå Vassveitbakken gjekk vattnet i renner ned til Lie."
I 1770-åra var det ueinigheit mellom Hans Lie og Hans Midtskog om bruken av vatnet frå Hundyrju. Hans Midtskog meinte han fekk for lite vatn om vinteren både til kvenn og til gardens folk og fe. Dei kom ikkje til forlik før 1856. På folkemunne heiter det at det gjekk fleire karar og passa på vassveita heile sommaren, samtidig gjekk det fleire med skjeltreku og skvetta vatn utover åkrane. Ola S. Enersgård (1908-1983) fortalde at han hugsa det gjekk 12 mann på Lie og skvetta vatn med skjeltreku rundt 1915. Det vart sagt at det tok tre dagar før vatnet kom ned til gards frå dei la det på frå Hundyrju. |