Historikk: | Rønnaug Ekren fortel: "Det var mi bestemor som fortalde at det hadde budd ei spedalsk dame på Berg-Dombås. Mannen hennar laga seg eit vaskarhus i Domba, da han hadde vask og stell av bandasjar og anna utstyr. Dette stod truleg på Dombåsjordet, sist på 1800-talet."
Leif Storrusten fortel: "Dombåsgarden hadde vaskarhus i Domba nær Storrustenbygget, innpå sitt eiga jorde ved Blæstervegen. Dei hadde nok renne frå Damplassen både til vask og kvenn. Leif hugsar huset sto lenge og vart brukt til lager.
No er ein ikkje sikker på om Rønnaug og Kjell pratar om det same vaskarhuset, men det kan tenkjast! Vaskarhusa sto over bekken med ein dam under og luke i golvet. Her var oftast vedkomfyr for å kunne bruke litt varmt vatn til vask av kleda. |