Opplysninger om Hjellåe.
Legg inn bilde Legg inn kommentarID: | 754 |
Område: | Østsida nord for Grimsdalsvegen. |
Plassering: | Hjellå dalen |
Koordinater: | 32V 0507842 6879808 |
Bruk: | Å |
Historikk: | Hjellåe kjem frå mange små bekkar sør for Storbrennlia (0509886-6881073), og frå Storhaugtjønn via Tverråe (0508923-6880905). Ho renn i eit djupt gjel ned til Søre Hjelle, der det er ein stor foss(0507838-6879695) som er delt i to nivå, nedanfor fossen renn ho rolegare og ut i Lågen. Hjellåe fekk dette faret etter Storofsen i 1789, tidlegare var det flatare terreng, åa gjekk lenger nord og kom ned nord for Mossjordet. Under Storofsen rasa det ut så mykje masse at Engum og Hjellegardane vart delt av gjelet som er i dag. Arne Amundgard skriv: "Her skjedde skade 22. og 23. juli 1789 dels ved jordskriu og dels ved at Hjellåe fløymde over. Paa Gaarden er i Bund og Grund aldeles Ødelagt 28 Maal Ager, som aldrig meere kan komme til nogen Nytte, samt desforuden 2 1/2 Maal som kan forhaabes at istandsættes om 3 Aars Tiid og vil koste i mindste 10 rd." Ei kjerring på ein av Hjelle gardane skal ha sagt om Storofsen: "Det kan gå an med det vatnet som kjøm ogofrå, det er verre med det som kjøm nedafrå." Her var det nok både sagbruk og kvennbruk før Storofsen. Ein har ingen sikker plassering av noko i Hjellåe, men det er sagt at kvennane var ovanfor der jernbana går i dag. Ein har funne eit tinglese papir på "Nordre Skielle" der Tosten Olsen selger garden til sonen Ole Tostensen i 1792. Med i salget er "qvern og qvernstøe". Øien 19/3 hadde vassveg frå Hjellåe, med uttak like ovanfor jernbanelinja. Her fekk dei naturleg trykk på vatnet. BLÅ RUTE!! Utdrag frå GRUVEDRIFT I HJELLÅDALEN av Harald Ødegård: Det har nok vore prøvd på gruvedrift i Hjellåe på 1600-talet. Fredlause Christoffer Flagestad leverte inn ei erts-prøve, som ein mistenker var frå Lesjaskog, det var ikkje malm i prøva. Dette seier oss at det har vore, eller prøvd gruvedrift her tidlegare. 23. september 1808 gav Johannes P. Engum løyve til at Ola I. Øien og S. Richardsen kunne foreta to eller tre skjerpingar i si mark. Dette vart ikkje tinglese før i 1916. S. Richardsen forlangte å få mutingsbrev frå Østlandske bergmesterembede, noko han fekk 8. oktober 1908. Mutingsbrevet beskriv beliggenheit på "Enge Grube", kva prøvestuffen seier og stedsvitner. Prøvestuffen viste "Magnetkis med lidt Svovel-og Kobberkis." Den 9. juli 1912 får Peter Holter mutingsbrev for de av hr. Iver Bjertnes under 11/1 1911 anmeldte 18-atten- anvisninger på Hjelles og Engums grund i Dovre." Frå prøvestuffen til Holter er det "kobber-svovel- og magnetkis" som er funne. Ut i frå dette vurderte dei nok dette som drivverdig. Det er og eit større skjerp oppe i fjellet, ved Ormebekken nord for Engjekollen. Norges geologiske undersøkelser i Trondheim har ei oversikt,"Malmdatabasen". Det ligg eit faktaark der om Engum gruver. |
Eiere: | Red GG Merete AB |
Tilstand: | |
Bygningsmåte: | |
Størrelse: | |
Kilde: | Dovrebygde 2015 (fine bilder), AB, Harald Ødegaard , MK, GG |
Registrert av: | Ola Tovmo |