Opplysninger om Engelsgard 43/1 .
Legg inn bilde Legg inn kommentarID: | 774 |
Område: | Østsida sør for Grimsdalsvegen. |
Plassering: | På jordet nedanfor den gamle Engelsgarden (0513495-6873605) |
Koordinater: | 32V 0513473 6873683 |
Bruk: | For mykje vatn, grøfting |
Historikk: | Egil Bjørnsgard kom over ein uthola trestokk oppe i jordet som det kom vatn ut or, og etterkvart fleire slike. Han skjønte ikkje kva desse var til, så han og Grethe Høstaker grov seg ned på renna. Der fant dei ei uthola trerenne med ein planke over som vart som eit lokk, og det var steinlagt rundt røyret. Trerenna gjekk vidare innover i den gamle åkereina, som er eit resultat av pløying og jordsig. Reina er fleire meter høg. Kanskje er trerenna svært gamal? Kvifor dei ligg her blir berre spekulasjonar, men at det kan ha vore ei form for grøfting for fleire hundre år sidan er truleg. Ein veit det var tidleg busetting i Bergsgrenda. Grethe og Egil har prøvd å sende inn ein C14-datering, men det var så vanskeleg for fylket å gi godkjenning at dei gav opp tilslutt. Heilt sikkert er det ihvertfall at her er lagt ned mykje arbeid for å samle vatnet. Og det fungerer den dag i dag. Engelsgard hadde vatnarvatn frå veita som gjekk nordover etter gardane øvst i Bergsgrende. Vassvegen kom ned over Øverjordet ovanfor den gamle garden. |
Eiere: | ABj, Merete GG |
Tilstand: | |
Bygningsmåte: | |
Størrelse: | |
Kilde: | Egil Bjørngård og Grethe Høstaker |
Registrert av: | Merete Killi Moastuen |