Opplysninger om Arnekleiv Uppistugu 22/1 og Nistugu 23/1.
Legg inn bilde Legg inn kommentarID: | 787 |
Område: | Østsida nord for Grimsdalsvegen. |
Plassering: | Kvennbekken renn mellom gardane |
Koordinater: | 32V 0510088 6877827 |
Bruk: | kvenn |
Historikk: | Opphavsgarden til Arnekleivsgardane var mest truleg det som er Nistugu Arnekleiv i dag: Ein meiner garden vart delt i to bruk før 1588.
Hans Arnekleiv er brukar i 1610 på Uppistugu, garden er da ein fullgard og betalar landsskatt.
Kona etter Hans "Enchen Eldri betaler Quegtiende" i 1659. "Enche Eldri oppført som Besidder, og betaler årleg avgift for blandt anna 1 bechequern i 1661". Ho betaler 8 skilling for Quern i 1668, 12 skilling i 1682, og garden betaler 8 skilling i 1773. Det var brukarbyte i 1692, Thomas Jensson Holter, trelasthandlar og jordegodseigar frå Kristiania kjøpte garden. Han betalte 8 skilling for 1 Bechqvern i 1693. På tiendelista for 1695 og 1696 heiter det for Arnekleiv: "Ganske och Aldelis affrøssen." "På haustinget på Killi Tingstove 5.oktober 1696 fortalde dei åtte laugrettismænd- væmodig oc jammerlig tilkiende Gaf at all deris Korn Sæd, saaledis Gandske oc Aldelis var Bortfrøssen, at ei det ringeste der af til Brød kunde erholde, en sige at gifve noget til Tiende." I 1711 betalte brørne Eirik og Ole Olsen Arnekleiv 8 skilling, for ei bekkekvern. Dei hadde kjøpt Uppistugu av Thomas Jensson Holter i 1695 og fekk skøyte på kvar sin halvdel i garden, Eirik vart brukar i Uppistugu og Ole i Midtstugu. Ole bygde opp garden Midtstugu med ti nye hus, men med dårlege tider og lite hjelp måtte han tilslutt gje opp. Ole bygde og kvenn i Kvennbekken synnafor garden. Matr. 1723: "Nistugu hadde Qvern til huusenøtte." Lars Jonsson Nystugun Killi (1698-1759) gifta seg med gardjenta frå Uppistugu, Synne, og overtok Midtstugu i 1726. Da vart garden samla att. Ved ei synfaring av Nistugu i 1747 står det: Kvernhus i Killiåa og tørrstugu. Her kan ein vel tenke at Lars hadde bruksrett i ei kvenn i Killiåa, ettersom han kom frå Nystugu Killi. Med Killiåa kan ein tru det er Veslåe i Rådåe som er meint. "Aastæds sag 1762 den 25. oktober: Bekken har heile tida høyrt Uppistugun til, både som vatnarvatn og kvennvatn. Ei tid hadde Uppistugu tvaug kvernhus der. I gamle papir er det tale om både øvre og nedre kvern." Lars Jonsson (1767-1860) hadde bygd opp mange hus på garden fyrste halvdel av 1800-talet (36 hus), og dei står ved århundreskiftet 18-1900. Der er mellom anna nemnt to kvennhus ved Kvennbekken i Nistugu-jordet. |
Eiere: | Red GG Merete ABj |
Tilstand: | |
Bygningsmåte: | |
Størrelse: | |
Kilde: | A B, M K, Sigurd Arnekleiv boka |
Registrert av: | Merete Killi Moastuen |