Opplysninger om Stugufloten nørdre 67/5.
Legg inn bilde Legg inn kommentarID: | 789 |
Område: | Østsida sør for Grimsdalsvegen. |
Plassering: | Lågen, vestside ned for Stugufloten |
Koordinater: | 32V 0519626 6863403 |
Bruk: | Kvenn |
Historikk: | Ei sak frå Ulheim på 1800-talet:
19.januar 1848 er følgande forlik tinglese i panteboka. Dokumentet er tyda av Arkivverkets forum.
"... Vi undertegnede afgjør Forlig med Paul E. Rusten angaaende den Dæmning som er gjort over elven til det Qværnebrug og allerede er indanket for Retten, nu for at undgaae flere Bekostninger, saa forbinder vi oss Samtlige nu for alle og alle for een til denne Forening: Saa indgaar vi saaledes at i næstkommende Vaar saa snart som Isen er svunden bort, skal udrives Eller Bortkastes den gjorte Dæmning saa meget som muligt Over Hele Elven intil Mundingen af den Grav under den vestre Landbakke. Saaledes forbinder vi os samtidig at Vi ikke videre i Fremtiden skal benytte dette Qværnbrug men aldri (?)Ophæves ( ? ? ?).
Rusten den 17de Januar 1848.
Ola Jacobson, Jon Olsen Rosten, Just Guttormsen Rosten (+ vitner)" Paul E. Rusten var eigar av garden Rusten (Ulheim). Ola Jacobsen åtte ein del av Nørdre Stugufloten frå 1844, Jon Olsen Rosten var eigar av nordre Rosten. Just Guttormsen Rosten var svigerson til Jon Olsen Rosten og var heimfesta til nordre Rosten. Eigendommen Nørdre Stugufloten ligg på vestsida av Lågen. Ut for eigendommen i elva ligg det ein sandbanke/øy. Innanfor sandbanken blir det ein kanal, og det er truleg at det var her kvennbruket var plassert, ein har og funne muring i elvekanten. Lenger nord i elva hadde eigaren av Stugufloten og dei to frå Rosten mura ei demning over elva for å kunne styre vassmengda inn mot kvenne. Alt dette vart tidlegast bygd i 1844 da Jacobsen vart eigar, og våren 1848 måtte det rivast i følge forliket som vart inngått. |
Eiere: | Red GG Merete, ABj |
Tilstand: | |
Bygningsmåte: | ? |
Størrelse: | |
Kilde: | A B |
Registrert av: | Merete Killi Moastuen |