Historikk: | Lars Jonsson Arnekleiv (1767-1860) tok over Uppistugu Arnkleiv i 1789 og dreiv til 1843. Lars vart halde for å vera stordrivaren på Uppistugu Arnekleiv. I tillegg til at han og kona Ragnhild Ingebrigtsdotter Drivstugun sette opp fleire hus, var det nok dei som også grov og la vassveg frå Kvennbekken (Nistugubekken).
Vassvegen går frå nord og ovanfor husa på Nistugu, på skrå nord og nedover jordet mot garden. Vassvegen var truleg laga av grove uthola tømmerstokkar som dei la i hop att som eit røyr, og fylte jord over. Slik at dei kunne bruke jorda. For å få nok vatn la han om eit par bekkar nordafor garden, samstundes som han fjerna mykje stein frå jordene.
Vassvegen vart ikkje halde godt vedlike, så frå rundt århundreskiftet 18-1900 måtte dei køyre vatn til hus og fjøs. Dei laga seg da ei vasstro, hoggje ut av ein tømmerstokk med tverrmål på 70-80 cm. Ut av denne måtte vatnet ausast opp i ei kasse som dei hadde på ein stutting (???) og køyrde til gards. Denne doningen sto klar til bruk ved fjøset heile vinteren. |