Historikk: | Steinar Ulheim hugsar trerennene som låg frå Kvennbekken og ned til garden. Det var vatn til våningshus og fjøs. Som gutungar var det Tor og Steinar sin jobb å halde renna tett for lekasjar, og fri for jord og møkk. Kvennbekken startar på Skogsætre (0521232-6864771), og vassvegen rann ut frå denne. Vassvegen renn delvis både over og under bakken nedover, og kan på plassar vera ganske stor. I skogen ovanfor garden går Bjønnråket som vassvegen kryssar (0520047-6864436). Det var grave veit frå øvst og nørdst på beitet ovanfor garden og ned til husa. I dag kjem vatnet ned noko lenger nord (0519502-6864131). |