Opplysninger om Storrustbekken.
Legg inn bilde Legg inn kommentarID: | 799 |
Område: | Østsida sør for Grimsdalsvegen. |
Plassering: | Dovreskogen |
Koordinater: | 32V 0522951 6867716 |
Bruk: | Bekk |
Historikk: | Storrustbekken renn etter grensa mot Sel. Den startar frå Turrtjønnin sør for Vetl-Kuva og renn ned i Lågen ved dammen til Rosten kraftverk. Det er ein flaumbekk. Stor om våren i snøsmeltinga, men kan i turre somrar få lita vassføring. Da det var sætring på Storrustsætre hende det at dei måtte veite vatn frå Vardåe, og frå bekken som kjem frå Gråknarten for å få nok vatn på sætra.
Over ei strekning på omlag 400 meter er det tufter etter tre kvenner. Under krigen 1940-45 var dei to øvste kvennene brukt mykje. På eit kart frå 1853 er det teikna inn fire kvenner. På fotografiet som ein tysk soldat tok våren 1940 ser ein frå venstre Nørdre Storrustbakken, ein flaumstor Storrustbekk, ei kvenn og ei tørrstugu synna bekken. |
Eiere: | Red GG Merete ABj |
Tilstand: | |
Bygningsmåte: | |
Størrelse: | |
Kilde: | Sætrer og sæterdrift i Dovre |
Registrert av: | Anders Bjørke |