Historikk: | Vi trur denne tørrstugu har vore felles for fleire, kanskje alle Killigardane. Dette fordi tørrstugu ligg inntil Veslåa, og det var nok der dei hadde kvennene. Vi har heller ikkje funne andre tørrstugu i Killigardane, men fleire av dei har store steinheller liggande. Kor gammal denne er veit ein ikkje, men det var fem Killigardar som hadde kvenn i 1668. Merete Killi har funne dei fleste klebersteinane frå ovnen nedgrodd i bakken, det var ein stein som hadde inskripsjonar og figurar, ein "hund i stand," ein jeger og nokre tal vi ikkje skjønar. Ein har prøvd å sette opp att ovnen, men nokre steinar er borte. Tørrstugutufta er forholdsvis stor.
Eigarar 1668: Thore Killj, Michell Ulsgard Killj, Siffer Killj Ulsgaard, Erland Nygaard Killj (29/1) og Knud Sørigaarden Killj (30/1) |