Opplysninger om Rudi 56/1.
Legg inn bilde Legg inn kommentarID: | 809 |
Område: | Østsida nord for Grimsdalsvegen. |
Plassering: | Rudiåe |
Koordinater: | 32V 0514557 6869608 |
Bruk: | Tørrstugu |
Historikk: | Gunnar Rudi fortel 7. juni 1958:
"Å jo da, de fleste gardene hadde nok tørrstugu, selv om de ikke hadde kvern, sier Gunnar på vårt spørsmål. Her kunne tørkes 11 tønner, og i Dovre var det neppe større kapasitet noe sted. Tørrstugu på Rudi er bygd i to høgder. Golvet i øvre delen består av skifer fra Sel, og utover på den ble kornet tømt. Den store kleberomnen er hogd av Arne Stubbhaugen fra Sel og bærer årstallet 1868." På ein av klebersteinane er det innrissa O.O.S, Ole Olsen Stubbhaugen. Tømmeret til tørrstugu er frå den gamle Rudigarden litt lenger nord, som vart flytt i 1860-åra, taket er eternitt med torv oppå. Tørrstugu er stor i areal, 4,75x5,6 meter. Gunnar trur ikkje det har vore leigemaling på Rudi, tanken hadde nok vore der , men den andre kvennsteinen kom aldri inn. Men han hugsar eit møllebruk ved Ilka som dreiv leigemaling, dette strauk med flaumen i 1938." Tørrstugu og kalla "badstu" var oppsett rundt 1870, og restaurert på 1950-talet. Stortinget bevilga eit beløp til Statens Kornforretning i 1957, for at dei skulle finne anlegg rundt om i landet som burde restaurerast. Her vart kvenn og tørrstugu på Rudi i Dovre utvalgt. Brev frå Statens Kornforretning: "Både kverna og tørkehuset var meget solid og pent oppsatt og utmerket seg ikke minst ved sin usedvanlig vakre beliggenhet." Fru Mari Rudi vart spurd og var interessert i å få teke vare på anlegget, ho fekk tilskudd til restaureringa. Bekkekvernutvalget ber nå Dovre kommune om å ta vedlikholdsutgiftene i framtida. Noko Dovre kommune gjorde. (sjå kontrakta på Rudi kvenn ID 810) " "SÆTUTSKRIFT FRÅ DOVRE KOMMUNE 29. juni 1957: Restaurering av gammelt kvernhus og tørkehus. Ref.skriv frå Statens Kornforretning dagsett 4.juni 1957 om restaurering av en bekkekvern og tørkehus på garden Rudi i Dovre. Stortinget har løyvd ein del pengar som vert disponert av Kornforretningen til slike formål, men kommunen må påta seg vedlikehaldet i framtida. VEDTAK: Kommunestyret garanterer for vedlikehaldet av nemnde anlegg. Dovre formannskap, den 1. juli 1957 Th. Schanke" |
Eiere: | Merete ABj |
Tilstand: | |
Bygningsmåte: | |
Størrelse: | |
Kilde: | AB,GG,MK, Per Rudi, Stein Roger Rudi, Sefrak, Avis 7/6 1958 med Gunnar Rudi |
Registrert av: | Merete Killi Moastuen |