ID: | 830 |
Område: | Dovrefjell: Snøhetta og skytefeltet. |
Plassering: | Oppe i sida på Geitberget, rett opp for Hjerkinn stasjon |
Koordinater: |
32V 0527861 6898782 |
Bruk: | Vasshus |
Historikk: | Dette steinhuset/bassenget vart sett opp til opninga av jernbanen mellom Dombås og Trondheim i 1921. Det var vanskeleg med vatn på Hjerkinn, og alle små tilsig måtte samlast i dette trykk bassenget. Vasskillet gjer dette vanskeleg, ettersom mykje av vatnet renn mot Drivdalen - vekk frå området.
Det var viktig med nok vatn til fylling av damplokomotiva. Like ned for Moskustugu er det ein djup brønn (3 m) (0527238-6899356), med eit grovt røyr som går ut nede i botn. Dette røyret ligg nedgrave heilt fram til trykk bassenget, frå her og ned til stasjonen er det ei 2" leidning. Det var to vasstendere på Hjerkinn, ein i kvar ende på stasjonen. Herfrå pumpa dei vatnet til lokomotivet. Eit lokomotiv kunne ha plass til 27m3 vatn og åtte tonn med kol. I 1930-31 fekk derfor Hjerkinn hjelp frå kraftstasjonen i Driva (sjå 761). |
Eiere: | |
Tilstand: | |
Bygningsmåte: | |
Størrelse: | ca 10 x 10 m, med ovalt tak |
Kilde: | A B, M K, Dovrebanen 2017 kart over stasjonen s76 og 2019 baksida foto av vasstender - red.GG |
| |
Registrert av: | Merete Killi Moastuen |