Historikk: | Både Haugen og Angard er oppført med kvenn. Kvenne ligg på sørsida av Dragåe. Tømmerkassa står att, og ein kvennstein ligg i eine hjørnet. Vassrenna inn til kvenne kan ein og sjå. Truleg har det vore ein kvenndam noko høgare opp i åa. Kvenne har vore frambode til eit bygdemuseum, men bygninga var da nedfalls.
I tingboka frå 1765 er kvennhus til Bergs-Angard omtala:"et kvernhus som står i Lilleaaen, samt halvparten av et kvernhus i Dragaaen, af nyt opbygget istedenfor et gammelt og forfaldent som forhen stod der".
Haugen er i Matr. 1723 oppført med kvenn. Det er denne som er felles med Angard. I 1769 skøyter eigaren garden over til svigersonen sin og med i handelen fylgde eit kvennhus med utstyr.
Angard si kvenn i "Lilleåen" er og registrert under ID 675. |