Historikk: | På Lannem 33/1 bygde Ola Skrugstad vatningsanlegg frå Lågen i 1974-75, drifta med elektrisk pumpe.
Nytt vatningsanlegget vart bygd i 2006, Steinar Ola Landheim på 33/3 har vassrett i Rådåe, Ola Skrugstad 33/1 har ikkje, og får derfor vatne berre når det er nok vatn. Inntaket, ein slange på 150 mm, ligg på søre sida og nedst av alle anlegga i Rådåe. Det er og lagt røyr over Lågen til dyrkingane på vestsida. Av anlegget eig Lannem 33/1 to tredjedelar og Lannem 33/3 eig ein tredjedel, kostnaden kom på 7-800000 kr. Turrsommaren 2018 vart det for lite vatn i Rådåe, derfor prøvde dei å starte opp att pumpa i Lågen, men det smalt stygt. Ola Skrugstad vatna da med traktorpumpe og berga mykje avling. Anlegget frå Rådåe er fortsatt i full drift. Sommaren 2023 vatna dei med fire vatningsvogner samtidig, med seks kilos trykk øvst i "Skriujordet".
|