Historikk: | I 2011 gav NVE konsesjon til bygging av kraftverk i Ryddølsåe. Søkjar var selskapet Blåfall AS. Selskapet har avtale med fallrettseigarane om leige av fallrettane. Det er sju eigedomar det gjeld med gards og bruksnummer 61/2, 61/3, 61/4, 61/7, 62/1, 62/2 og 63/1.
Det er bygd ein inntaksdam i åa, på 500-1000 m3. (0518461-667675). Røyrgata er grave ned på sørsida av åa og går forbi Ryddøla og ned til kraftstasjonen. Det blir eit fall på 252 høgdemeter.
Ryddøla kraftverk hadde produksjonsstart i 2013, utbyggingskostnadane var om lag 40 mill.kr. Det er montert ein Pelton-turbin som har ein årsproduksjon på 9 GWh, og som gjev straum til 350-450 husstandar.
BLÃ… RUTE!
Skilt på ventilhuset inne ved dammen
Overløp terskel: 699,7 Høyde system: NGO
I perioden 1.5- 30.9 skal det slippes 170 l/s, resten av året skal det slippes 30 l/s.
Nedenfor inntaket til Skogagrenda vatningsanlegg skal det renne minst 140 l/s når dette er i drift.
Minstevannføringen slippes fra rør ved ventilhus. Vannføringen avleses på skjerm ved ventilhuset.
Om anlegget står så slippes alt vann over dammen.
Minstevassføringen er angitt i vedtak i NVE av 1.12.2011.
Brudd på dette pålegget meldes Norges vassdrags og energidirektorat." |