Historikk: | Lågen kjem av det gamle norske ordet "logr", vatn. Lågen renn ut frå Lesjaskogsvatnet og fylgjer dalbotnen gjennom heile Gudbrandsdalen til den renn ut i Mjøsa, Norges største innsjø. Lågen er 195 kilometer lang og med eit nedslagsfelt på omlag 12000 kvadratkilometer.
Lågen har fire store side-elver: Otta, Sjoa, Vinstra og Gausa. Langs Lågen har det vore stor aktivitet gjennom tidene, folk har brukt elva og moglegheitene i daglege gjeremål. Det var nok ved dei gamle bruene det var mest aktivitet. Lågen er rik på kultur, naturperler, fiske, fløyting, ferdsel og vasskraft.
I 2014 bygde Oppland Energi A/S eit vasskraftverk i Rosten. Demninga til kraftverket startar ved Storrustbrue på Dovreskogen, og ned til øvst i Rosten.
Lågen har til tider vore hard og krevjande, det er mange som har mista livet ielva. Store flaumar har det vore fleire gonger, og Storofsen i 1789 er den største naturkatastrofa ein kjenner til, som ramma Gudbrandsdalen.
Denne enkle skildringa av Lågen tek ein med fordi alle bekkar og åer i Dovre endar til slutt i Lågen.
&&& MK tenker at denne kan stå i boka etter at alle bekkar og åer er ferdig skrivi&&&
|