Historikk: | Frå gamalt av hadde Berg-Dombås vassveit/renner frå Domba, som var i bruk fram til rundt 1940. Då var Domba så forurensa av kloakk frå Dombås sentrum at dei måtte slutte å bruke vatnet. Jørgen Berg-Dombås hugsar restar etter veita nede i jordet.
BLÅ RUTE!! Gudbrandsdølen 3. august 1959: "Dombåsgardar klagar over at dei ikkje lenger får vatningsvatn frå Domba, da bekken nå mest berre er ein samanhengjande kloakk. Ordføraren sa at denne saka kjem bort i så mange juridiske spørsmål at kommunestyret kan ikkje utan vidare ta noko avgjerd. Det hastar heller ikkje så sers mykje med å ta endeleg avgjerd, for når desse gardane har vore utan vatningsvatn i 50-60 år, kan dei vel dryge noko til...
Det var tidlegare lagt opp trolag for vatningsvatn av tre, men det kom ut av bruk ved århundreskiftet og har sidan ikkje vore i bruk. Vidare har NSB kjøpt vassrettane i Hindåa og Tverrbekken, som det vart ført vatn over fra når Domba gjekk tom. Den gongen fekk i allfall Berg-Domaas godtgjerdsle for tapet. Ordføraren gjorde difor framlegg om at saka blir sendt kommunens juridiske rådgjevar til fråsegn, og dette vart samrøystes vedteke."
I 1975 fekk desse tre gardane og fleire av gardane rundt Dombåshaugen tilbud om å overta det gamle vassverket i Hindåe, for å få vatningsvatn. Dette vart det ikkje einigheit om, og beklaglegvis skrinlagt. Her kunne ein fått både naturleg trykk og nok vatn heile sommaren. Leif Gunnar Aunsmo kom slik i kontakt med Berg-Dombås, Berghol og Nedre Dombås som da ville bygge anlegg frå Lågen.
Det vart bygd ein pumpestasjon nede ved Lågen, og ein mellomstasjon oppe i jordet (0505923-6881434). Det var Odd Vorkinnslien som grov heile grøfta, Leif Gunnar hadde beinbrot og hoppa på krykkjer men var lell med ute i felten. Anlegget er drivi av elektriske pumper, og er i full drift i dag og.
På jordet til Berghol, heilt oppe ved E6 er det ei stor årsikker oppkomme. Kalla Bergejordsoppkomma, som har heldt gardane i området med vatn. Det er truleg at dei og tok vatnarvatn frå oppkomma, og veita det utover jordet. Ut frå oppkomma rann det ein bekk som no er lagt i
røyr ned i Domba. Det har nok vore blautt på dette jordstykket frå gamalt. Og det er grave og steinsett grøfter under bakken fleire plassar på den søre delen. |