Historikk: | Guri Ruste veit at det var grave nye vassveiter frå Rådåe i 1915. Har eit bilde av Thor Ruste (1905-1998) frå turrsommaren 1955, der han vatnar med slange og spreiar. Truleg er det brannslangar frå Oslo brannvesen, og mest truleg ein ny spreiar. Dette anlegget ligg nok i same veita frå Rådåe som dei har brukt til vatning med skjeltreku i lange tider. Dette var av dei fyrste vatningsanlegga i Dovre. Her er det naturleg trykk på vatnet, anlegget er fortsatt i drift, nå med vatningsvogn. Vatn til hus og fjøs fekk Ruste innlagt i 1911, grave veit ned til garden og "springvassrøyr" inn i våningshuset, utslagsvask høyrde og med. Ein slange vart lagt inn i fjøset og fylte opp ein stor trestamp, som dei bar vatn til dyra frå. |