Historikk: | Tydelege tuftar med foss like ovanfor, og eit tillaga va over bekken. Tufta står litt på skrå ut i bekken, fin mur. Mest truleg kvenn for ein av Killigardane, da felles tørrstugu er like ved.
Det er tre kvennetufter like nedanfor, (0511375-6876476, 0511366-6876460, og ca 0511355-6876450).
Ein må ta med at det var 24 kvenne i Rådåe (Veslåe er ein del av Rådåe) og det er naturleg at dei låg i dette området ut frå veg og gardar.
Matr. 1668 har Killj, Ulsgard Killj, Killj Ulsgard, Nygaard Killj og Sørigaarden Killj kvar si kvenn. Matr. 1723 har Nygard Killi 29/1 "Kvenn som for 40 år siden ødelagt", og Sørigard Killi 30/1 hadde kvenn. |