Historikk: | I Kvennbekken om lag 80 meter nedanfor kvennhuset til Ulheim gjer bekken ein sving. Her kan det sjå ut som det har vore grave. Der kan det ha vore ein dam øvst og ei tuft etter kvennhus nedanfor.
Ein veit ikkje kven som kan ha eigd kvenn her, men det er fleire alternativ:
1. Ut frå Matr. 1668 veit ein at Ulheim hadde kvennhus på 1600-talet, kanskje var det her den fyrste kvenne låg? (ID 614)
2. I 1684 kjøpte Jon Østensson garden Ulheim av Jørgen Phillipsen. Med på handelen var «underliggende Lille-Rusten med ei bekkekvern», kan det vera den kvenne som låg her?
3. Nabogarden, Haugen 64/1, hadde kvenn ved Ryddølsåe på 1700-talet. Men Haugen var og registrert med kvenn i 1668. Kvar det kvennhuset stod veit ein ikkje. Kan hende var det her i Kvennbekken?
|