Historikk: | Matr.1668: Skjellstad var frigard under Lesja prestegjeld, og hadde ei kvenn. Gunvald Toftemo (1913) vart spurd om Skjellstad hadde kvenn, da var svaret "Ein skull tru dæ, min dæ kjenne ikkje e nogo te." Gunvald sa og "Dæ va otrule kor liten bækk dæ skull te for å drive ei kveinn." Ein kan kanskje tenke at kvenne låg ganske høgt oppe i Einbugga når ein ser på moglegheita for å kome seg ned til åa. Kanskje var det i området ved Rakstad. Ein kan og tenke seg at Haraldstigen kunne brukast, som da blir noko lenger ned. |