Historikk: | Garden hadde ved Matr. 1668 ei kvenn.
I Matr. 1723: "Qværn hvorpaa kan mahles til huusnøtte.
Siver Hansson (1717-1789) frå Ulekleiv kjøpte Ryddøla i 1753. Tinget hadde da synfaring på garden, og der fanst det da ikkje kvennhus. Men Ola Haugen 64/1 hadde gjeve ein tidlegare drivar, J. Gudmundson, eit kvennhus for å få til kvennveg over jordet på Ryddøla. Så lenge Haugen fekk veg skulle Ryddøla få kvenn. Storofsen i 1789 øydela kvennhuset.
I registreringane frå Sefrak er det notert at det vart sett opp nytt kvennhus på 1800-talet, eller kanskje tidlegare. Simen Syversen overdreg garden til svigersonen Tor Anderson i 1819. Med på handelen er ei kvenn.
Dagboknotat etter Mathias Trondsen, Dovreskogen, 20. mars 1948: "Ivar Statshaugen er med mig og reiv ned Rødøls kvernhuset."
23. mars 1948: "Ole Volden kjørte kvernhuset opom grinden på Rødølen." Kvennhuset vart altså rive våren 1948, og fyrst køyrt oppi garden på Ryddøla før det vart flytta til Oppheim 75/38. Der vart det sett opp att i 1951 som andre etasje på "stågåburet".
Ein ser fortsatt tydeleg både der kvenne stod og vassrenna inn på kvenne. |