Historikk: | Gardane Rindal, Siljehaugen og Stordalen har hatt ein felles vassveg, men Stordalen har og hatt ein eigen vassveg attåt, truleg frå ein dam noko lenger ned enn fellesveita. (555 m.o.h.) Vatnet rann i uthola trerenner ut frå dammen. Rennene vart lagt på fleire små oppbyggingar av stein nedover gjelsida, her var det viktig med nivellering slik at dei kom opp og over gjelkanten så høgt oppe i skogen som mogleg. Slik fekk dei lengre grøft med naturleg fall ned etter gjelkanten (0518158-6866508). Det har vore 390-400 meter med vassrenner fram til dette punktet.
Det ligg fortsatt att restar av vassrenner som er rundt fem meter lange i åa og gjelsida. Kvar vassvegen har gått vidare veit ein ikkje, men det er framleis att 400 meter ned til garden. Dyrking og bygging av veg gjer at det ikkje er meir å sjå. |