Historikk: | Bekken ligg på austsida av dalføret på Dovreskogen, og renn ut i Lågen nord for garden Ulheim. Kvennbekken har sitt utspring frå myrane på Storflye og Grasflye innanfor Skogsætrin 1100 m.o.h. Her frå kjem og Bergebekken nord for Skogsætrin, som og renn inn i Kvennbekken (0521087-6865155).
Lokalt blir bekken og kalla Rust(a)bekken. Ordet «Rust» er brukt om ei li med lauvtre. Men det kan og tyde skogvaksen jord- eller bergrygg.
Nord for garden Ulheim ligg eit kvennhus, og litt høgare opp tufter etter oppgangssag. Det er funne tufter som kan tyde på at det kan ha vore fleire kvenner her. Det var nok fyrst på 16-1700-talet at namnet Kvennbekken vart teke i bruk. Ellers gjev bekken vatn til vatningsanlegg og tidlegare til fjøs og våningshus.
|