Historikk: | Langbekken startar inne på vigga, nedunder Veslrundhøe på Jetta. Den renn ned nord for husa på garden Søre Statshaugen 69/1 og ut i Lågen. Det er svært bratt i den øvste delen av bekken, på 500 meter fell den 500 høgdemeter. Det er vatn i bekken heile sommaren, og den gav vatn til folk og fe på garden. 21/9-1950 vedtok styret i Dovreskogen bygdeålmenning: " Ivar O. Statshaug og (...) er gitt tillatelse til å legge vassledning i almenninga på nermere bestemte steder." Det har vore eit kvennhus på garden. |