Historikk: | Utdrag av skriv etter Siver Nyhus (1894-1987): "Gaarden Nyhus blev kjøpt i 1834 av Hans Hansen , han kjøpte den av sin bror Lars Hansen Uleklev. Lars Hansen Uleklev og Hans Hansen Nyhus bygde dammen ved Storhaug samt to mindre dammer og tok den lange grøften til Grindalsbækken, for å ha van til vatning i Uleklev og Nyhus.\" Altså var dei tre bruk som brukte vassvegen frå Storhaugtjønn, Nyhus 20/3, Ulekleiv 20/1 og Ulekleiv 20/2. Torhill hugsar restar etter tre rennane som låg frå Grindalsbekken og nedover jordet, og dei grave veitene utover jordet for vatning med skjeltreku. Rundt 1990 bygde dei vatningsanlegg med straum frå Lågen. Opp gjennom tidene har dei teke drikkevatn frå fleire store oppkommer ovanfor garden, nå er desse i ulage etter utbedring på jernbana. |