Opplysninger om Ordforklaring, pengeverdi, vekt og mål.
Legg inn bilde Legg inn kommentarID: | 925 |
Område: | Vestsida sør for Jøndalen |
Plassering: | Dovre |
Koordinater: | Mangler nøyaktige koordinater. |
Bruk: | ordliste |
Historikk: | Alen: Før 1870: 1 alen = 2 fot = 24 tommer = 62,75 centimeter. Etter 1870: 1 alen = 60 centimeter Ard: Einskjærs plog utan veltefjøl, som dei tok opp fòrene med Baka: Baka tømmer og svillar. Ta av barken. Bakhon: fyrste bordet ein sagar av stokken (sagbak) Bleggjefjøl: Fjøla/plata som var luka i teppa Bøle: stor, tett, firkanta trekasse med lokk som dei lagra kornet i, ho stod oftast på stågåburet Citanten: Saksøkjar i sivil sak Dokk: Søkk, fordjupning i terrenget Fòr/fær: Det var fòrer diagonalt utover åkeren frå båe sider av eit trolag eller frå ei fòr som gjekk i midten. Ei fòr vart laga med ard eller markeripar Hjøler: Hjøle saman ei trekolle med trebånd. Hjølinga kan vera av tre eller metall, som på røyret i Einbugga Hovudbøl: Den opprinnelege eigedomen som det seinare er utskild tomtar frå Ikkun: Kun, berre Innerst: Ein som leigde seg inn hjå bonde/husmann, og hadde eiga hushald Kjær: Rund, lagga trebutt som dei lagra korn i, ofte tilpassa ei bestemt vekt. Brukt som bøle med tett lokk. Kjøve: Vatn som renn utover faret sitt og vil svelle opp når det blir kaldt, og det dannast iskul/issvull Klave: Ved oppmåling av tømmer brukte dei ein klave som dei målte stokken med, på fleire plassar, og fekk da målet i liter Kvarv: Omfar/stokkelag med stokkar i tømrahus. Lagge: Bøkkerarbeid. Felle ei trefjøl nedi ei anna trefjøl, det vart da stampar, koller eller trerøyr Lende: Terreng, landskap Mæling: Brukt som engmål, varierer mellom 3 og 6 mål, definisjonen kunne lokalt variere. Omregnet til dagens målesystem varierer størrelsen mellom 3800 og 6175 kvadratmeter Nivellering: Dei brukte ei plate med eit blylodd og snorer som kunne strekkjast ut til båe kantar. Ein nøyaktig form for høgdemåling. I forhold til eit felles horisontalt nivå bestemmes høgdeforskjellen mellom to eller fleire punkt Panne: Stor gryte som dei kokte ost i. Panna stod oppå ein rund vedovn, som det òg var brukt takke oppå for lefse og flatbrødsteiking. Panne hadde dei både på sætra og heime. "Gubb" og anna ost var laga her, det var og kokt vatn for bruk under slakting. Størrelsen varierar, heilt opp til 100 liters panner. Plåtspade: Demde og tetta færane Prokurator: Ein advokat frå tida før innføringa av overrettssakførar og advokat Reistbakken/reist: Her la dei på Kjetting som skulel bremse farten ned bakken Ringøks/straffeøks: Tømmermålaren hadde sitt eiga nummer inngravert i øksa for at inspektøren kunne nå målaren seinare. Øksa var og brukt for å merke øydelagde stokkar, og øksa hadde inngravert eigarmerke 1 riksdaler: = 4 mark eller ort = 96 skilling < br/> Råme: Fuktigheit i jorda Skjeltreku: Djupt uthola blad, langskafta og forseggjort trespade, til å skvette vatn med Skjeppe: Gammalt kornmål med varierande omfang, i mellomalderen frå 24,3 liter til 32,4 liter, seinare 17,5 liter= 1/8 tønne. Dei hadde buttar som tok ei skjeppe. Fleire skeip. Skjæringar på tønna: Hjøler/band som heldt tønna saman, ofte laga av trekvistar o.l Småkrytyr: Sau og gjeit Stortrøyr: Ved langtransport av vatn. Teksle: Tverrøks som er forma som eit holjern, og er brukt til slutt ved utholing av ei tro. Øksa gjer treet glatt og jamnt. Teppa: Dam med stengsel/luke for å ha kontroll på kor mykje vatn som blir sleppt på vassvegen. Det kan vera fleire teppar om vassvegen har mykje halling Tiende: Ei gamal avgift som vart delt med like store partar mellom bispen, presten, soknekyrkja og dei fattige. Den siste delen, bondeluten, var til bøndene. Frå 1539 vart tiende delt i tre, kongen, presten og kyrkja. Tiende var 10% av årsproduksjonen av korn, dei kunne og ta smør-og oste-tiende Triør: Ein reinsemaskin som skil korn og frø etter form. I sylindertriøren for korn er partiklenes lengde avgjerande. I snekketriøren for erter er deira rundheit, kor lett dei trillar avgjerande Trolag: Trerenner lagt saman i rekke under framføring av vatn i terrenget eller på jordet, Tro: Uthola trestamme med teksle, til framføring av vatn både i terrenget og på åkeren Tubusrøyr: Gjennombora stokk på ca tre meter, som vart spiralsurra med grov tråd og asfaltert. I enden var det muffe for å skøyte fleire saman. Tvaug: To stykk Tylft: Gamalt mengde mål som tilsvarar 12 einheitar, oftast brukt om tømmerstokkar Vandtag: vassleidning Væte: Fukt, råme, bløyte Øyrde: Blanding av jord og vatn som renn vidt utover marka. Åkereine: Nedre kanten på ein bratt åker. Det vart ein kant med jord som kunne bli utruleg høg med tiden. Det vart slike reiner etter pløying og jordsig |
Eiere: | |
Tilstand: | |
Bygningsmåte: | |
Størrelse: | |
Kilde: | |
Registrert av: | mk |