Historikk: | Anlegget vart bygd i 1982-83 frå Tungbekken oppe ved skogsbilvegen, det var Odd Vorkinnslien som grov ned Brattbakken til Engjelie. Ingmar Groven kjøpte ei gamal gravemaskin som Inge Birger Groven grov nederste del av anlegget med. Det var K. Henriksen frå Brødrene Dahl som planla og ordna med røyr, spreiarar og andre delar. Dei fekk ein sum i tilskot. Gardane som var med i anlegget var: Øvre Engjelie 19/10, Øvre Tunga 19/6, Nedre Tunga 19/7, Engøygarden 19/5, Ulekleivsøygarden 20/7 og Vesløygarden 20/16. Anlegget er fortsatt i full drift. |