Historikk: | Djupdalsåe startar frå myrer og mindre bekker innved Langhøe(0503364-6876098) omlag 1200 m.o.h. Når alt dette slår seg saman i skogkanten på Vigga, renn Djupdalsåe i eit djupt gjel heilt ned til Lieslia skytefelt. Nedslagsfeltet gjer at ho kan bli flaumstor. Der ho flatar ut ser ein kor mykje og stor stein ho har teke med seg. Ho har mykje vatn stort sett heile året. Tidlegare har Djupdalsåe drifta både kvenn og sag. I dag gjev ho vatnarvatn til dyrka mark, og vatn som Forsvaret nyttar i Lieslia skytefelt.
Blæsterbekken startar innanfor Hardeggsætrene på sørsida av Hardeggkampen.
Blæsterbekken har nok til tider stor vassføring, og vi finn fleire rester etter trerenner og tømmerstokkar nedover bekken. Her har det og vore kvenn og vassvegar. |