Historikk: | Det er grave veit frå Einbugga, frå kaftstasjonen nedanfor Toftebrua. Vassvegen kryssar jernbana (0512485-6874246) og fortset ned i skogkanten synst på jordet, ned til garden. Den har tydelege spor etter seg gjennom tunet og vidare ned. Sigrid Toftemo (1959) hugsar at det rann vatn gjennom garden, og at dei grov mindre veiter utover heile jordet, vatnet fekk på denne måten renne fritt, og mest all jorda fekk nok råme i seg.
Hushaldningsvatn hadde dei frå ein brønn midt på tunet (0512035- 6873878).
I dag er det vatningsanlegg frå Lågen, og vassvegen er så å seia turr. |