Historikk: | I Norge har vi flest vasskraftverk. Det fyrste kraftverket i Norge vart bygd i Tinnfossen på Notodden i 1877, dei fekk da ljos i fabrikken. Kverner Brug var fyrst ute med produksjon av vassturbinar, allereie i 1873. Laugstol Brug bygde kraftverk i 1885. Hammerfest var fyrst ute med kommunalt kraftverk i 1891. Maridalen kraftverk var bygd i 1900, og er fortsatt i drift.
Vasskraftverk er eit anlegg der ein utnyttar vassfallsenergi for produksjon av elektrisk straum.
Vasskraftverket består av sjølve kraftstasjonen med turbin, generator og transformator, som saman med demningar, luker og tunnellar utgjer eit komplett anlegg. Generator er ein roterande maskin som omdannar rotasjonsenergi til elektrisk energi i form av vekselstraum. Effekten målast i megawatt, MW.
Teikning av eit vasskraftverk: Frå vassmagasinet (A) renn vatnet gjennom ei luke (E), og ned i trykksjakta (F), før det renn inn i turbinen (C), som set generatoren (D) i drift i kraftverkshallen (B), og overførar energi til transformatoren (G). Vatnet renn så ut att i åa (H).
I Dovre har vi ikkje mange kraftverk, Ryddøla kraftverk som det einaste i drift i dag.
Vi vil her henvise til dei kraftverka som er og har vore i Dovre:
Gammelholet, side ??
Fokstugu kraftverk, side ??
Kraftstasjon i Einbugga, side ??
Stordal/Ryddøla kraftverk, side ??
Ryddøla kraftverk, side ?? |