Historikk: | I Matr. 1668 står garden Rindal oppført med kvenn. Frå 1684 vart garden delt i to bruk, Nistugu Rindal og Uppistugu Rindal, i Matr. 1723 er kvar av bruka oppført med "Qværn hvorpå kan mahles til huusnøtte."
Ein veit ikkje med sikkerheit kvar denne kvenne låg, men Trygve Rødølen har fortalt at det var sju kvennhus langs Ryddølsåe. Det kan sjå ut som om dei eldste kvennene låg lengst nede etter åa. Ein kan slik tru at denne kvenne og låg langt nede, da ho var registrert i 1723. På nordsida av åa nedanfor brua på fylkesvegen har ein funne tre kvenntufter, samt tydelege spor etter ein dam ovanfor (0518166-6866355). Ein veit med sikkerheit at Siljehaugen hadde den nederste kvenne og at Nistugu Rindal hadde kvenn noko ovanfor. Mellom desse to er det og ei kvenntuft som ein da kan tenkje kunna høyre til Øvre Uppistugu Rindal. |