Historikk: | Engelshus var èin gard fram til 1630. Då delte Østen Engelshus garden på sønene. Knut overtok Nørdre Engelshus 53/1. Jon overtok Søre Engelshus 53/4 og den tredje broren overtok Rudi som truleg var heimgarden til mor deira.
I Matr. 1668 står svigersonen til Knut, Kristoffer Pedersson frå Killi med "2 qverne" og 16 sk i skatt. Matr. i 1723: "Qvern hvorpaa kan mahles til huusnøtte." Peder Jørgensson selde sin del i garden, ti skinn, til Tjøstol Pålsson frå Fokstugu i 1751. Tjøstol forlangte synfaring på garden, kvennhuset var da så nedfalls at det måtte byggast nytt. Om desse kvennhusa låg i Rudiåe eller Lågen er uvisst. Engelshus hadde nok vassrett i Rudiåe. Alle gardane på nord-sida av Rudiåe frå Talleraas til Angard fekk ein skogteig på sørsida av åa, for at dei ikkje skulle ha vårbeite i Langdalsmorken. Dermed vart dei også knytta til Rudiåa
|