Historikk: | Hausten 1932 søkte Jørgen Rødølen (1886-1950) og Paul Ulheim (1893-1953) Dovre kommune om å få sette opp eit motorisert sagbruk i Haugens skog. Formannen i Haugen gard fekk fullmakt til å leige bort tomt i Sørjordet. I Dagningen 3/12-1932 står følgande: «Paul Ulheim og Jørgen Rødølen skal få tomt til å ha stående sagbruket sitt på av Haugen, i havnehagen sønnenfor broen, mot en årlig avgift av 10 kroner for inntil 2 mål og 5 kroner pr. mål for det som er derover. Avtalen gjelder inntil videre. Tomten utstikkes av gårdsstyret.»
Dette var truleg ei sag med råoljemotor, flishus og kvilebrakke. Tomta var på det som i dag er kalla Haugasand.I dagboknotatene etter Mathias Trondsen står det om 1946: "30/4 Var med Trygve Rødølen på sagen" og "7/7 Hjalp P. Ulheim på sagen"
Drifta vart avslutta rundt 1950. Her vart det skytebane og hoppbakke før Haugasand vart fotballbane for idrettslaget på Dovreskogen.
|